– Det er ingen frivillige organisasjonar som har flust med pengar. Speidaren slit allereie i dag. Med mindre støtte kan vi bli nødt å kutte stillingar eller permittere. Mange tusen medlem skal forhalde seg til dei tilsette, seier Ivar Anton Nøttestad, dagleg leiar i Vesterlen speiderkrets.

I Stavanger har speidaren tre tilsette i administrative stillingar som ifølgje Nøttestad spelar ei avgjerande rolle i organisasjonen.

– Dei tilsette er knutepunktet i organisasjonen, både fordi det er færre eldsjeler enn tidlegare, men også fordi det i dag er strenge krav til korleis ein skal drive ein organisasjon, seier Nøttestad.

Rådmannen i Stavanger foreslår å redusere tilskotet til barne- og ungdomsorganisasjonane med 765 000 og heller bruke pengesummen på idrettslag. Bakgrunnen er at bystyret i vedtaket av budsjettet i haust, gjekk inn for å slå dei to gruppene saman. Konsekvensen er at dei frivillige organisasjonane får ny konkurranse når dei søker om midler.

Frykter konsekvensane av kutt

Rådmannen foreslår at idrettsavdelinga får 2.165.000 mot tidlegare 1.400.000. Ungdom og fritid får 2.593.000 mot tidlegare 3.358.000. Administrasjonen grunngir pengeforskyvinga med at søkarmassa var større blant idrettslag.

– Det kan godt vere idrett treng tilskotet, men det er dumt at dei må ta pengane frå frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Sidan idrett ikkje har hatt dette tilskotet er det mange som nyttar moglegheita til å søke, seier Nøttestad.

Ivar Anton Nøttestad, dagleg leiar i Vesterlen speiderkrets, frykter dei må nedbemanne. I dag har speidaren i Stavanger tre tilsette.
 Fredrik Refvem

Politisk arbeidsuhell

Politikarane skal no ta stilling til rådmannen si innstilling i saka. Onsdag står den på sakskartet til både kommunalstyret for oppvekst og kommunalstyret for kultur og idrett.

Fleirtalskonstellasjonen Høgre,Venstre, KrF, Sp og FrP kjem til å fremme eit alternativt forslag i begge desse kommunalstyra der dei ber om å utsette saka til første møte etter sommarferien.

Vidare ber dei om at tilskotsmidla for 2017 skal bli fordelt på same måte som tidlegare, altså at idrett og barne- og ungdomsorganisasjonane ikkje er same pott.

– Det må vere eit arbeidsuhell frå politikarane at vi skal konkurrere med idrett, meiner speidarleiaren.

– Dette var ikkje heilt det eg hadde tenkt, seier Anne Kristin Bruns (KrF).

Ettersom det er ei budsjettsak, stod fleirtalspartia samla om endringane som vart vedtatt i haust. Då Bruns såg summen frå rådmannen, er ho ikkje lenger sikker på om det var riktig val.

– Summen frå rådmannen overraska nok litt, og eg tenker at dette såg voldsomt ut. Det er nok fornuftig at vi utsetter det, så får vi vurdere det nøye. Det er viktig å ikkje stille dei to gruppene oppimot kvarandre. Dei er vanskelege å samanlikne.

Kristoffer Sivertsen (FrP) meiner idretten har vore nedprioritert.
 Jon Ingemundsen

Idrett skulle få meir

Kristoffer Sivertsen (FrP), som sit i både oppvekst og kultur og idrett, seier utgangspunktet var nettopp eit ønske om å flytte midler frå dei frivillige organisasjonane til idrett.

– Vi meiner idretten har vore nedprioritert. Det er mange barn og unge som driv med idrett, men der er få administrative stillingar. Vi var klar over at dette ville gå ut over dei frivillige organisasjonane, så det var eit bevisst grep. Dei får ein del midlar allereie.

– Vi forstår at det blir opplevd som dramatisk. Ein skal ikkje sjå vekk frå at det ender med ei slagt mellomløysing no, seier han.

Også Arbeiderpartiet vil gå inn for å utsette saka. Dei fremmer eit alternativt forslag der dei i tillegg ber om å få fleire detaljer.

– Med mindre alle opplysningar kjem på bordet no, går vi inn for å utsette. Ønsket om ei endring står framleis fast, men vi må ha meir opplysning i botnen. Det viktigaste for oss er at det blir lik behandling, utan at dette treng å bety like beløp. Ein må sjå fordelinga totalt, seier Terje Rønnevik (Ap).